|
I våre sikre, hurtiggåande gummibåtar(RIB) har me det beste utgangspunktet for å oppleva både natur og dyreliv på nært hald. Me utforskar verdsarvområda Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, som begge er sidearmar av Sognefjorden, verdas lengste og djupaste fjord. Området representerar noko av det mest ekstreme, dramatiske og storarta fjordlandskapet i verda.
Undervegs stoppar me for å sjå på dyrelivet og dei gamle gardsbruka, som ligg høgt oppe i fjellsidene. Guidane våre fortel om landskapet og har fleire artige lokalhistoriar på lur. Gardane, og folket som har budd der gjennom tidene, har ei fascinerande historie og er ein viktig del av den norske kulturarva. På turane ser me stadig nise og steinkobbe, og er me ekstra heldige kan me sjå både kongeørn og havørn. Når me slår av motoren gjev det oss høve til å nyta stilla der blant høge, stupbratte fjell og gamle bygdetun.
|

Kva med ein FjordSafari etter du har sykla Rallarvegen?
Bli med på tur i 2013! For informasjon : post@flamguide.no
Booking + 47 99 09 08 60
FjordSafari har rett bekledning og utstyr for sikkerheit og komfort.
|