SKJERDAL - LEIM
Skjerdal – eit stølseventyr
Turen startar med Basic FjordSafari, som går inn i hjarta av Nærøyfjorden med den storslegne Sagfossen. Me vender attende på andre sida av fjorden. I Aurlandsfjorden legg me til brygga i Skjerdal. Der startar fotturen opp til geitestølen Leim.
Frå brygga går stien opp til bilvegen/gamlevegen som me føljer med flott utsyn over fjorden opp til Skjerdal gardstun. Vidare er det gardsveg opp til målet, stølen Leim. Det er flotte fossefall å beundra undervegs.
På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast lunsj ute på terrassen med ostesmaking til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me tek turen ned igjen til brygga. Der ein vert me henta med Fjord Safari båt tilbake til Flåm.
Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Krevst ingen forkunnskapar av deltakarane, men bør ha bra fysisk form for å gå opp bakkane. Passar for dei som ynskjer ein aktiv tur og ei anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360meter høgde.
Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med om det er varmt.

10:00: Avreise Flåm med Mini FjordSafari til Sagfossen
11:05: Ankomst brygga i Skjerdal
12:00/12:30: Ankomst stølen på Leim
13:30: Avreise frå stølen på Leim
14:30: Avgang ved brygga i Skjerdal med båt til Flåm
14:50: Ankomstl Flåm

PRIS: Vaksne 990,- NOK,
Barn (4-14) 600,-NOK
Avgang 1 juli til 31 august
Minimum 2 personar
ONLINE BOOKING - click here
Print