FJORDCAMP I NÆRØYFJORDEN
Fjord Camp
- Ta ein Heritage FjordSafari og kombiner med eit strandhogg i idylliske omgivnadar ved vår lavvo-camp i Nærøyfjorden.
Bli med på ein tur innover i den imponerande Nærøyfjorden. Nyt den storslåtte naturen frå våre RIB båtar. Fjorden er heimen til mange dyre- og fugleartar, kanskje får me sjå sel, nise eller havørn på turen gjennom verdsarven. Guiden fortel om naturen og kulturhistoria til området.
Me køyrer heile vegen frå Flåm inn til Bakkasundet og stoppar i vår flotte fjordcamp i Dyrdal. Der går me i land, og inviterar gjestene til ulike aktivitetar ved fjorden.

Alternativ 1:
Me tenner bål, tilbyr varm drikke, vin og Ægir Øl. Me arrangerar enkle
aktivitetar som pil og boge, øksekast og andre lagaktivitetar før me tek turen
tilbake til Flåm. Varigheit: 3– 3,5 timar.
Pris per person: 780,- NOK
Alkohol kjem i tillegg. 75kr per einheit.
Minimum 10 personar
Alternativ 2:
Lagaktivitetar med fokus på samarbeid. Etter aktivitetane samlast me rundt bålet og hyggar oss med lokale smaksprøvar som lokal geitost, kjøttbollar og korv frå Haugen Gardsmat. Det blir servert varm drikke, vin og Ægir Øl.
Varigheit: 4– 4,5 timar
Pris per person: 880,- NOK
Alkohol kjem i tillegg. 75kr per einheit.
Minimum 10 personar
Alternativ 3:
Her serverar me eit nydeleg grillmåltid komponert av råvarer frå Haugen Gard, ein gard i Flåmsdalen som foredlar lokale råvarer. Etter maten er det tid til å slappa av og nyte ein kaffitår og dessert rundt bålet. Om ein ynskjer kan ein gå ein liten tur for å utforske området. Me inviterar deltakarane til ’fjordleik’ i øksekast og bogeskyting.
Varigheit: 5 timar
Pris per person: 995,- NOK
Alkohol kjem i tillegg. 75kr per einheit.
Minimum 10 personar

Vasski, banan og ring etter båt kan bestillast som ein tilleggsaktivitet.

Print