Frontpage
engelsk
+BASIC
+ROUNDTRIP
+HERITAGE
+HERITAGE TASTE
+PROGRAM 2013
+SJÅ FILM

+SKJERDAL
+DYRDAL
+STYVI
+FLÅMSDALEN
+AURLANDSDALEN
+TOPPTURAR!

+FJORD CAMP
+TEAMBUILDING
+CHARTER TURAR

+PRAKTISK INFO
+FORSIDEN
+OM OSS
+AKTIVITETAR FLÅM
+REISEBREV

+FJORDSAFARI
+RALLARVEGEN
+FJORD CAMP

Telefon:
57 63 33 23
FGS Bestilling

 



HERITAGE TASTE FJORDSAFARI -
med ostesmaking i Undredal! 

På denne turen kombinerar me vår populære Heritage FjordSafari med eit besøk i den vesle geitebygda Underdal for å smaka* på den kjente Underdalsosten. Turen går frå Flåm og tek deg inn den imponerande Nærøyfjorden til Gudvangen. Undervegs vert det fleire stopp der guiden fortel om det rike dyrelivet i området, den særeigne naturen og kulturhistoria til dei små bygdene og gardane me passerer. I Gudvangen snur me, og båtane går tilbake mot Flåm og Undredal. Bygda ligg idyllisk til nede ved fjorden, omringa av høge fjell. Her bur det omlag 85 menneske og 450 geiter. Oppe i bakkane ser ein òg ei vakker lita stavkyrkje, bygd rundt år 1147.
Når me går i land på kaien i Undredal blir me tekne imot av Leif Inge som syner oss inn til Undredal Visningssenter. Han gjev oss smaksprøvar på det bygda er mest kjent for - geitost. I tillegg får du høyre om tradisjonane med stølsdrift og geitehald i Undredal, og om korleis osten vert laga. Me kosar oss på brygga i Undredal, eller du kan ta turen opp i butikken og kjøpa med deg ost heim før turen går tilbake til Flåm.

Varighet: 3 timar 

Pris: Voksne 710.- NOK Barn (4-14 år) 440.- NOK (0-3år gratis)

Avgangstider: Juni til August: kl 16:45

ONLINE BOOKING - click here

 *Turen gjeld kun smaksprøvar - dette er ikkje ein lunsj.

 



Print Print
SJEKK UT!

Visit Flåm Map

 

 

 Les meir om Sakte i Aurland på :

 

www.sakte.no  

 

 

          www.mittklima.no

 
 

Flåm Guide Service AS - 5742 Flåm, Norway - Tel: 57 63 33 23 - Fax: 57 63 17 96
E-mail: post@flamguide.no - www.flamguide.no - Org.nr.: 984 149 530


Design by - Powered by Home